Velkomen i den digital hagen min

Dette er ikkje ein vanleg blogg som du kanskje er kjent med, med gjennomtenkte postar som er ordna på den tida dei blei publisert. Her er du i den digitale hagen min, som er plassen kor eg kan skrive om alt eg er opptatt av i det språket som eg føler passar best. Det er ein plass kor eg kan så frø i forma av tankane mine og ser kva kjem til å spire. Det blir eit eventyr for meg og du er hjarteleg velkomen til å bli med!

Å blogge eller ikkje

Kvifor starter eg ikkje berre å blogge? Eg har prøvd det fleire gongar dei sista åra, men det er språkval som pleier å stoppe meg. Eg kjem frå Nederland og har familie og venar der. Så flytta eg med familien min til Noreg i 2008 kor eg har fleire venar og kollegaer. Og så er det engelsk som gjelder når ein vil nå folk på sosialer medier og i resten av verda. Det gjer det vanskeleg å velje eit språk, eller å velje å oversette alle bloggpostar i to andre språk. I hovudet mitt måtte eg ha ein plan før eg kunne starte med nettsida mi og dermed blei bloggplanar lagt på is.

Dybdeåret mitt

Så kva skjedde at eg er i gong no med bloggen min? Alt starta med beslutning eg tok i slutten av 2020 å bruke 2021 som dybdeåret mitt. Det er veldig lett for oss menneske å starte nye aktivtetar og kjøpe nye ting til den aktiviteten, som ofte hamnar på lageret etter ein stund. Ordet dybdeår blei først brukt av David Cain på bloggen hans, raptitude.com. Det var ein theoretisk tanke om korleis me kunne stoppe den automatiske kjøpehandlinga og heller bruke energien vår på det som me allereie har. Men folk las om det og ideen tok av! No er det min tur å kome i gong med dybdeåret mitt. 

Frå digital opprydding til ein digital hage

Det første prosjekt eg starta med var å rydde opp i alle digitale informasjon og kunnskap eg har samla. Og eg har samla mykje informasjon på mange plassar og i mange applikasjonar. For å lære korleis andre har takla det, las eg mykje om “personal knowledge management systems”; dvs om systemer som ein kan bruke å organisere alt ein har samla på ein måte at ein kan få bruk og inspirasjon av all kunnskapen. Der las eg første gong om digitale hagar og hjernehagar. Desse er plassar kor ein kan ta vare av tankene dine ved å skrive ned observasjonar og tankar i bloggform utan at alt er omarbeidet til eit sluttprodukt. Det er heile processen korleis hagen utviklar seg som er grunnlaget for ein digital hage. I ein digital hage skriv ein for seg sjølv og ikkje nødvendigvis for andre. Desse observasjonane, tankane og ideane er som frø som blir sådd i hagen og som kan spire på spennande måter.

Første frøet er planta

Dermed blei det mykje lettare for meg å kome i gong med den digitale hagen min. Her er det berre å skrive ned kva eg er opptatt av og bruke den plassen som ein digital notatbok. Men sjølv om det er hjørnet mitt, er det kjekt med besøk. Så har du lyst å kome følgje med, er du hjarteleg velkomen i hagen min!

Andre aktuelle postar

Welcome to my digital garden

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.