Om skriftspråk og dialekt

Språk har alltid vore ein høy terskel som har stoppa opp viljen å starte ein blogg. Så kvifor skriv eg ikkje berre engelsk her? Ein årsak er å kunne skrive for norske vennane mine, men kanskje viktigaste grunnlaget er at eg treng å øve skriftspråket, og særleg nynorsk.

Bokmål, nynorsk og nedernorsk

Ein av dei største utfordringane eg har er norsk språk. Eg flytta i 2008 frå Nederland til Noreg med familien min og før den datoen var den norske språkkunnskapen min null. Der var berre etter me bestemte oss å flytte til Noreg at me starta lære norsk gjennom eit korrespondansekurs. Det var sjølvsagt bokmål me lærte,  men kommunen me flytta til er ein nynorskkommune. Der fekk me tilbod om norskopplæring på nynorsk. Eg fekk ein (vikar)jobb som lærar på grunnskolen og då blei det naturleg å prøve å bruke både nynorsk og bokmål. 

Språk som utfordring

Å lære norsk er ikkje enkelt, med to offisielle skriftspråk og mange dialektar, til og med hyperlokale dialektar rundt omkring. Ein ulempe med å lære eit nytt språk som god vaksen person er at eg ikkje klarar å uttale nokre skikkelege norske lyder. Så eg har eigen dialekten min, som eg kallar nedernorsk. Med så mange dialektar må eg lytte veldig aktivt for å forstå andre og eg må passe på å snakke seint for at folk faktisk forstår kva eg seier. Det hjelper ikkje med så mange digitale møter. Det kostar mykje energi for meg å kunne følgje med og snakke tydeleg.

Kvifor nynorsk?

Derfor treng eg å øve. Og nynorsk er språket eg må øve mest. Det er fordi nynorsk,  for meg som har ingen tilknyting eller historikken med språket, er for uklart. Det er mange ordval som må gjennomførast konsekvent, uskrivne reglar og regionale variasjonar som gjer det ekstra vanskeleg å lære språket rett. Bokmål er tydelegare og derfor lettare å lære. I tillegg er dei fleste norske tekstane,  artiklar,  bøker og dokument på bokmål og då er det lettare å finne eksemplar av ord og uttrykk.

Norsk i den digitale hagen min

Det er ein fordel å kunne skrive bokmål og nynorsk. I jobben min prøv eg å bruke begge skriftspråk mykje meir målretta. Samtidig treng eg ein plattform for å kunne skrive kva eg vil. Og den plattforma en denne digitale hagen min. Så blir det nynorsk då? Det veit eg ikkje. Det kan godt vere at eg har lyst å skrive ein post på norsk, men har ikkje energien å bruke ekstra tid å finne rette ord og uttrykk på nynorsk. Og denne plassen her er ikkje ein blogg, men ein digitale hage. Den er ikkje særleg planlagt og strukturert,  men ein plass for meg å skrive om kva eg tenker og som kjem til å vaksne organisk. Eg treng uansett å øve nynorsk og bokmål. Så det blir ei blanding av begge målformer, men kanskje med meir vekt på nynorsk. Eg har lova meg sjølv at eg skal ikkje stresse om språk, men berre bruke det som føler mest naturleg, om det er engelsk,  nederlandsk,  nynorsk, bokmål eller nedernorsk!

Andre aktuelle postar

Velkomen i den digitale hagen min!

Velkomen i den digital hagen min

Dette er ikkje ein vanleg blogg som du kanskje er kjent med, med gjennomtenkte postar som er ordna på den tida dei blei publisert. Her er du i den digitale hagen min, som er plassen kor eg kan skrive om alt eg er opptatt av i det språket som eg føler passar best. Det er ein plass kor eg kan så frø i forma av tankane mine og ser kva kjem til å spire. Det blir eit eventyr for meg og du er hjarteleg velkomen til å bli med!

Å blogge eller ikkje

Kvifor starter eg ikkje berre å blogge? Eg har prøvd det fleire gongar dei sista åra, men det er språkval som pleier å stoppe meg. Eg kjem frå Nederland og har familie og venar der. Så flytta eg med familien min til Noreg i 2008 kor eg har fleire venar og kollegaer. Og så er det engelsk som gjelder når ein vil nå folk på sosialer medier og i resten av verda. Det gjer det vanskeleg å velje eit språk, eller å velje å oversette alle bloggpostar i to andre språk. I hovudet mitt måtte eg ha ein plan før eg kunne starte med nettsida mi og dermed blei bloggplanar lagt på is.

Dybdeåret mitt

Så kva skjedde at eg er i gong no med bloggen min? Alt starta med beslutning eg tok i slutten av 2020 å bruke 2021 som dybdeåret mitt. Det er veldig lett for oss menneske å starte nye aktivtetar og kjøpe nye ting til den aktiviteten, som ofte hamnar på lageret etter ein stund. Ordet dybdeår blei først brukt av David Cain på bloggen hans, raptitude.com. Det var ein theoretisk tanke om korleis me kunne stoppe den automatiske kjøpehandlinga og heller bruke energien vår på det som me allereie har. Men folk las om det og ideen tok av! No er det min tur å kome i gong med dybdeåret mitt. 

Frå digital opprydding til ein digital hage

Det første prosjekt eg starta med var å rydde opp i alle digitale informasjon og kunnskap eg har samla. Og eg har samla mykje informasjon på mange plassar og i mange applikasjonar. For å lære korleis andre har takla det, las eg mykje om “personal knowledge management systems”; dvs om systemer som ein kan bruke å organisere alt ein har samla på ein måte at ein kan få bruk og inspirasjon av all kunnskapen. Der las eg første gong om digitale hagar og hjernehagar. Desse er plassar kor ein kan ta vare av tankene dine ved å skrive ned observasjonar og tankar i bloggform utan at alt er omarbeidet til eit sluttprodukt. Det er heile processen korleis hagen utviklar seg som er grunnlaget for ein digital hage. I ein digital hage skriv ein for seg sjølv og ikkje nødvendigvis for andre. Desse observasjonane, tankane og ideane er som frø som blir sådd i hagen og som kan spire på spennande måter.

Første frøet er planta

Dermed blei det mykje lettare for meg å kome i gong med den digitale hagen min. Her er det berre å skrive ned kva eg er opptatt av og bruke den plassen som ein digital notatbok. Men sjølv om det er hjørnet mitt, er det kjekt med besøk. Så har du lyst å kome følgje med, er du hjarteleg velkomen i hagen min!

Andre aktuelle postar

Welcome to my digital garden